torsdag 19. mai 2011

Skuffande Stavanger roman

Tittel:                         Kaninbyen
Forfattar:                    Arild Rein
Utgitt:                         2004
Språk:                         Nynorsk
Sjanger:                      Roman
Sider:                          175


”Kaninbyen” er den tredje boka i Stavangertrilogien til Arild Rein, som etterfølgjar av Hundedagene og Grisekoret. Boka vart gjeven ut gratis da Stavanger var kulturbyen 2008 som den boka heile Stavanger skulle lese. Det er ei samfunnsaktuell bok i og med at ho skildrar Stavangers underverden.

Boka tek utgangspunkt i eit kritisk Stavangersamfunn som ber sterkt preg av oljepengane. Eks- politimann Jonny Roxmann, som er hovudkarakteren i boka, bur i kolonihagen til sin avdøyde far der han krigar mot sniglar, dyrkar tomatar og salat, og lyttar til Schubert. Jonny fortel om sine dagar framover mot den årlege Gladmatsfestivalen, der han skal tene nokre gode pengar på sine bakte poteter. Han fortel og litt om sine tidligare dagar som politimann då han var spanar, men etter han mista jobben på grunn av at han leigde ut leilegheita si til asiatiske prostituerte, har han ikkje noko serleg tillit til politiet lenger.   

Jonny bruker for det meste dagane sine til det han vil, som til dømes å trene på Sportsclub eller sykle bort til Stokkavannet for eit bad. Kveldane tilbringar han ofte på ein bar og tar seg eit glas whisky medan han overvakar dei andre gjestane, dei som han kallar for ”motbydelege fyllehundar ” (Rein 2004, side 27). Ein kveld møter han ei asiatisk jente ved namn Kim, som han straks får eit godt auge til. Dei tilbarigar mykje tid med kvarandre og dei utviklar eit slags forhold. Etter kvart som dei blir betre kjent, viser det seg at Kim ikkje lever det livet han hadde forventa.

Språket som er brukt i boka er eit veldig røft og fysisk språk. Det er ord som ”faen” og ”jævlig” på kvar einaste side, i tillegg til at Jonnys tankegang er svært negativ i forhold til nesten alt som har noko med olje, nordmenn eller politiet å gjere. Alt Jonny skildrar av byen Stavanger og folka som bur i her blir tråkka ned på. Det er heile vegen tydeleg at han ynskjer å komme seg vekk. 






Tittelen ”kaninbyen” trur eg betyr at han meinar at folka i Stavanger lever i et bur slik som kaninane gjer. Folka held seg til i kvar sitt bur kor dei gjer det same kvar einaste dag. Slik forstod eg tittelen.

Da eg høyrde at det var ei Stavangerbok vi skulle lese, vart eg litt glad, men boka innfridde ikkje forventningane. Eg vart lei av at anna kvar setning som sa kva som var gale med folka i Stavanger og om at ingenting i byen var ekte. Det er rett og slett den verste boka eg har lest, og den ga meg ingenting bortsett frå irritasjon (men det er jo noko).

Som konklusjon vil eg seie at dette ikkje er ei bok eg vil anbefale, då eg verken klarte å forstå Jonny eller å sjå noko poeng gjennom heile boka. Eg syntes denne konstante bruken av ordet ”faen” ikkje får frem frustrasjonen til Jonny, men den får han heller til å virke patetisk og komisk.  


Kjelde:

fredag 25. februar 2011

Mikronovelle

Han reiste seg, han var fri.
(flichrcc.com,http://flickrcc.bluemountains.net/flickrCC/index.php?terms=happy&page=3&edit=yes&com=no)

mandag 21. februar 2011

Digital kompetanse

I dagens samfunn og verden skal det godt gjøres å la være å engajsere seg i den digitale verden. Vi bruker telefoner og datamaskiner til alt mulig, for eksempel til å snakke med venner, bestille mat og kjøpe klær, se filmer, levere lekser og søke skoler og slik fortsetter det. Men for at man skal kunne beherske slike moderne verktøy, må man også ha digital kompetanse.  Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger i forhold til digitale medier, som for eksempel datamaskin eller mobil.

Min digitale kompetanse kommer i bruk mye i løpet av en dag, delvis fordi datamaskinen er en stor del av skolehverdagen min. Den personlige digitale kompetansen til hver enkelt avhenger mye av hvor man er vokst opp og når. Min bestefar kaller for eksempel en kalkulator for computer, mens vi som er født to generasjoner etter snakker om hvem som postet hva på veggen sin. 

Hva tror du det neste blir?

- Lundis


(Bildehenvisning: flickrcc.com,http://flickrcc.bluemountains.net/flickrCC/index.php?terms=computer&page=2&edit=yes&com=no) 

mandag 7. februar 2011

Velkommen

Heihei!
Først: velkommen til min blogg! 
I regi av Hetland videregående skole i Stavanger, skal alle i norsk klassen min lage hver sin blogg, håper det blir en kjekk oppgave!
Håper dere finner bloggen interessant, og for all del skriv en kommentar.


- Lundis